Christian Gjeraker

Christian tok over som butikksjef på Majorstuen i januar 2016. Favorittøktene hans er enten rolege, og gjerne i godt selskap, eller harde i bratte motbakkar.

Christian Gjeraker (34) byrja i Löplabbet i 2015 og gjorde seg raskt bemerka som ein særs entusiastisk medarbeidar.

Frå 2016 tok han over som butikksjef på Majorstua då Endre starta opp på Ullevaal Stadion.

– Ein jobb i Löplabbet kjennes heilt rett for meg. Eg har alltid sprunge mykje og kjem til å halde fram med det, perfekt å få jobbe saman med andre som er like dedikerte. 

– Det er eit privilegium å få prate med eit så stort spekter av ulike typar løparar som kundane våre er, og det er moro med den aukande interessa me ser for løping. Utanfor vindauga på Majorstua suser det forbi løparar, uansett ver og føre! Det gleder meg å sjå!

Det er eit privilegium å få prate med eit så stort spekter av ulike typar løparar som kundane våre er, og det er moro med den aukande interessa me ser for løping.

Christian byrja tidleg med friidrett og har konkurrert på mellomdistanse, så baneintervall er sjølvsagt ein av favorittøktene. Men han er tross alt oppvaksen i Balestrand i Sogn:

– Eg trives særs godt i bratte motbakkar, spesielt i vestlandsfjella. Oslomarka har eg og blitt glad i, super til dei litt lengre, rolege turane, gjerne i godt selskap.

– Verdien av rolege økter kan ikkje bli understreke nok! Med mykje rolige turar i botn, tåler ein dei harde øktene so mykje betre, og ein kan i større grad unngå overbelastningsskadar. Dyrkjøpt erfaring for min eigen del, eg har sjølv pådratt meg skadar etter for mykje hard trening over tid. 

Verdien av rolege økter kan ikkje bli understreke nok! Med mykje rolige turar i botn, tåler ein dei harde øktene so mykje betre, og ein kan i større grad unngå overbelastningsskadar. 

Han er heller ikkje i tvil om kva for produkt han vil anbefale:

– Vindtett løpevest! Eit meir anvendeleg plagg skal ein leite lenge etter. Med ein vest regulerer du temperaturen optimalt, året rundt. Du held overkroppen temperert og kan kombinere og variere med ulike lag under, like god ein kald norsk sommardag som midt på vinteren. 

– Elles ynskjer eg fleire skal ta del i gleda det er å springe med lette og smidige sko til dei litt raskare/kortare turane. Da får du lyst til å springe fort, og du får kjenne på den virkelig gode løpsopplevinga!

Slik tester vi deg

Testen vår er vesentlig for at du skal få optimale sko.